16 skulpturar i friluft 22. april 2010 opnar ei sjeldan utstilling i Florø. Det er ei utstilling med 16 skulpturar plassert rundt om i byen. Dei fleste blir sette opp i området parken - samfunnshuset, men nokre kjem og på eit par opne plassar langs Strandgata. 11 skulptårar står bak dei 16 kunstverka, og det er ikkje umuleg at det kan bli fleire. Utstillinga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Kunstmuseum / Musea i Sogn og Fjordane og Flora kommune. Arve Bringaker i Norsk Billedhoggerforening vil setje saman utstillinga. Dei 11 ustillarane er godt etablerte, og dei kjem frå heile landet: Annasif Døhlen, Turid Angell Eng, Kjersti Wexelsen Goksøyr, Reidun Aafløy Hansen, Ada Madssen, Olav Orud, Solveyg Schafferer, Tove Mugaas Traavik, Skule Waksvik, Nils Aasland, Hjalmar Lothe og Geir S. Hjetland. Dette blir ei salsutstilling, så skulle det t.d. vere ei bedrift som har lyst til smykke ut området sitt med ein skulptur, så vil sjansen til sjå dei i friluft vere der i heile den tida utstillinga står i Florø, fram til 22. september. I tillegg til utstillinga, kan det og bli aktuelt med ein workshop der ein kan følgje ein kunstnar som gjer ferdig ein treskulptur med publikum til stades. |
![]() |
|
|